Vil du vere med å vidareutvikle kjøkkenet på Askvoll omsorgssenter? Då har vi stillinga for deg!
Vi har frå 18.08.2025 ledig 100% fast stilling som kjøkkensjef til institusjonskjøkkenet vårt på Askvoll omsorgssenter. Ved internt opprykk kan det bli ledig stilling som kokk.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Primæroppgåva er å lage mat til bebuarane på Askvoll omsorgssenter, i tillegg til dagsenter og heimebuande som får levert middagen heim. Til saman utgjer dette ca. 100 middagar per dag.
Vi søker etter ein kjøkkensjef som vil ta ansvar for kjøkkenet og som leverer sunn og god mat til våre bebuarar og til dei heimebuande.
Som kjøkkensjef ved Askvoll omsorgssenter vil du få moglegheit til å være med å påvirke tenestene våre, og drifta av kjøkkenet. Kjøkkenet skal være ein viktig og synleg del av bebuarane sitt tenestetilbod.
Ver venleg å oppgje i søknadsteksten om du òg ønskjer å stå som søkjar på eventuell ledig kokkestilling.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.
25/020
Fast
Heiltid
Skift/turnus
Askvoll omsorgssenter
Fast
Kjøkkensjef
31.05.2025
18.08.2025
Askvoll omsorgssenter
Askvoll omsorgssenter 6980 Askvoll
Få e-postvarsling